Here is all of Evangeliet etter Matteus, 5 kap. in Norwegian (Det
Norske Bibelskap, Oslo 1956)(any mistakes are mine):

Då Jesus såg folkehopen, gjekk han upp i fjellet; der sette han seg
ned, og læresveinane hans kom burt til han. Då tok han til ords og
lærde dei og sa: Sæle dei som er fatige i åndi! Himmelriket er
deira. Sæle dei som syrgjer! Dei skal verta trøysta. Sæle dei
tolsame! Dei skal erva jordi. Sæle dei som hungrar og tyrster etter
rettferd! Dei skal verta metta. Sæle dei miskunnsame! Dei skal få
miskunn. Sæle dei som er reine i hjarta! Dei skal sjå Gud. Sæle dei
fredkjære! Dei skal kallast Guds born. Sæle dei som vert forfylgde
for rettferdi si! Himmelriket er deira. Sæle er de når dei spottar
dykk og forfylgjer dykk og talar berre vondt um dykk for mi skuld,
og lyg det. Ver glade og fegne! Stor er løni dykkar i himmelen. For
soleis forfylgde dei profetane som var til fyre dykk. De er saltet
på jordi! Vert saltet dove, kva skal so det saltast med? Det duger
då ikkje til anna enn til å kastast ut og trakkast på. De er ljoset
i verdi. Den byen som ligg på eit fjell, kann ikkje dyljast. Ingen
kveikjer eit ljos og set det under skjeppa, men i staken; då lyser
det for alle som er i huset. Soleis skal de lata ljoset dykkar lysa
for folk, so dei kann sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far
dykkar i himmelen! De må ikkje tru eg er komen for å avlysa lovi
eller profetane. Eg er ikkje komen for å avlysa, men for å fullføra.
For det segjer eg dykk for sant: Fyrr himmelen og jordi forgjengst,
skal ikkje den minste bokstav, ikkje ein einaste prikk i lovi
forgangast, fyrr alt saman er fullgjort. Um då nokon bryt eit
einaste av desse minste bodi og lærer folk soleis, so skal han
kallast den minste i himmelriket; men den som held dei og lærer dei
ifrå seg, han skal kallast stor i himmelriket. For det segjer eg
dykk, at er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferdi åt dei
skriftlærde og farisearane, so kjem de aldri inn i himmelriket. De
hev høyrt det er sagt til dei gamle: du skal ikkje drepa! Den som
drep, skal koma for retten. Men eg segjer dykk at den som er vond på
bror sin forutan grunn, han skal koma for retten; og den som segjer
til bror sin: Raka! han skal koma for rådet; og den som segjer: Din
dåre! han skal koma i helveteselden. Når du då gjeng fram til
altaret med offeret ditt, og du der kjem i hug at bror din hev noko
imot deg, so lat offeret ditt liggja der framfor altaret - gakk
fyrst burt og gjer det godt att med bror din, og kom so og ber fram
offeret ditt! Ver snar til å laga deg etter motparten din den stundi
du er med han på vegen! Elles stemner han deg yver til futen, og du
vert kasta i fengsel; det segjer eg deg for visst: Du slepp ikkje ut
att fyrr du hev greidt siste kvitten. De hev høyrt det er sagt: Du
skal ikkje gjera hor! Men eg segjer dykk at den som ser på ei kvinna
og lyster etter henne, han hev alt gjort hor med henne i hjarta
sitt. Um det høgre auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta
det frå deg! Du er betre faren du misser ein lemene dine enn at
heile lekamen vert kasta i helvete. Og um den høgri handi di
freistar deg, so hogg henne av og kasta henne frå deg! Du er betre
faren du misser ein lem enn at heile lekamen din kjem i helvete. Det
er sagt: Den som skil seg frå kona si, skal gjeva henne skilsmåls-
brev. Men eg segjer dykk at den som skil seg frå kona si for anna
enn utruskap, han valdar at ho gjer hor, og den som gifter seg med
ei fråskild kona, han gjer hor. Sameleis hev de høyrt det er sagt
til dei gamle: Du skal ikkje gjera rang eid, men svara Herren for
eidane dine! Men eg segjer dykk at de aldri skal sverja, korkje ved
himmelen, for det er Guds høgsæte, eller ved jordi, for det er
fotbenken hans, eller ved Jerusalem, for det er byen åt den store
kongen. Ikkje skal du heller sverja ved hovudet ditt; for du kann
ikkje gjera eit einaste hår kvitt eller svart. Når de talar, so lat
det vera ja, ja og nei, nei! Alt som gjeng yver det, kjem av det
vonde. De hev høyrt det er sagt: Auga for auga, og tonn for tonn!
Men eg segjer dykk at de ikkje skal setja dykk imot den som er vond
med dykk. Um ein slær deg på den høgre kinni, so snu den vinstre og
til han. Og vil nokon tretta til seg trøya di, so lat han få kjolen
med. Og trugar nokon deg til å fylgja han ei mil, so fylg du han tvo
mil. Gjev den som bed deg, og snu deg ikkje frå den som vil låna av
deg! De hev høyrt det er sagt: Du skal elska næsten din og hata
fienden din. Men eg segjer dykk: Elska fiendane dykkar, velsigna dei
som bannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og bed for dei som
forfylgjer dykk! Då er de rette borni åt Far dykkar i himmelen; for
han let soli si skina yver vonde og gode, og let det regna yver
rettferdige og urettferdige. For um de elskar dei som elskar dykk,
kva løn kann de venta for det? Gjer ikkje tollmennene like eins? Og
um de helsar 'Guds fred' berre til brørne dykkar, kva stort gjer de
då? Gjer ikkje heidningane det same? Ver då de fullkomne, som Far
dykkar i himmelen er!